Velkommen til Kattaland 11

Tysnesbolig AS er i gong med bygging av 4 nye og moderne leiligheiter. Sentralt og nydlig plassert på Kattaland, med ei nydlig utsikt over Lundegrend. Her bur ein landleg, men samstundes utruleg sentralt med gongavstand til butikk, barnehage, idrettsanlegg,og frisør. Det er også kort avstand til flotte turområde og båthamn.

Overflater

Alle vegger i opphaldsrom og soverom vert måla i fargen eggekvit. Alternativt vert husværet overlevert med kvitmåla tak og ferdig grunna vegger. Eventuelle eigne fargeval må utførast av kjøpar etter overlevering av husværet. Kvite innvendige dører. Listefritt rundt vinduer.

Bad/Sanitær

Standard er baderomsplater på vegg og fliser med størrelse 20 x 20 cm på golv.Det er mogleg å velja andre fliser dersom ynskjeleg.
Baderomsmøbel med integrert vask, skap/hylle, speil. Dusjkabinett utan sokkel blir levert som standard. Her er det moglegheit for dusjvegger.
Røyrteknisk anlegg vert levert som røyr i røyr system. Dusj-garnityr, blandebatteri og andre synlege installasjonar vert levert av anerkjent leverandør. Vegghengt toalett. Utak til vaskemaskin vert plassert i bod eller bad. 200 liter varmvasstank som vert plassert i bod. Arbeid vert utført av Skarvatun VVS

Eletrisk.

Sikringskap vert plassert hensiktsmessig.Det vert levert termostatstyrt varmekabel på bad og i entre.Varmekabel i andre golv kan leverast mot tillegg.Det vert levert downlights på bad og i entre.Soverom, stove, gang og bodar har elles punkt for tak belysning.På bad vert det montert stikkontakt for hårtørkar etc. Det er stikkontakt for vaskemaskin og tørketrommel samt diverse teknisk utstyr i bod eller på bad, alt etter plassering.All elektrisk installasjon vert utført av Tiko As. Tiko AS tar kontakt med den einskilde kunde for gjennomgang og eventuelle endringar.

Kjøkken

kjøkkenløysinga vert levert av norske Sigdal kjøkken. På vegg over benkeplate vert det montert Fibo-Trespo Kitchen Board. Her kan ein velja mellom forskjellige variantar. Kjøkkenet vert levert med steikeomn, koketopp, og oppvaskemaskin frå Siemens. Sigdal Kjøkken, vil ta direkte kontakt i god tid før kjøkken går til bestilling. Det er mogleg og gjera endringar på kjøkkenet.

Matrikkelinformasjon

Kommunenr: 1223
Gårdsnr: 116
Bruksnr: 23